15.06.2026 | Felleskjøpet

Mimiro sine undersøkingar viser at best fordøyelegheit oppnår du ved ein varmesum på rundt 450-500 døgngrader etter vekststart for førsteslått, litt høgare med 450-550 grader for andreslått og tredjeslått kan tas opp mot 600 grader, sidan førre slått. Beste varmesum for dine skifter vil variere noko etter engsamansetning og kvalitetsmål for fôret ditt. 

Mimiro har samla ein oversikt over varmesummen i heile Noreg, med fylkes- og kommunevisning både i kart- og i listeform. Sjå korleis det står til i ditt område her. I oversikten finner du både høgaste og lågaste varmesum og kan sjå korleis median-varmesummen ligg an i forhold til fjoråret.  

 Har du ein Eana Skifte-konto kan du og sjå varmesummen helt ned på skiftenivå for din gard og få forslag til slåttevindauge basert på ønska fordøyelegheit i fôret. Undervegs i sesongen loggar du slåttetidspunkt og koplar desse mot fôrprøver og skifter for auka innsikt og betre prediksjon av slåttetidspunkt framover. Historikken du loggar kan nyttast til å treffe enda betre neste år! I Skifte nyttast værstasjonane til meteorologisk institutt for berekning av varmesum og du kan velje ein spesifikk eller få berekna lokal temperatur for kvart skifte. I tillegg nyttast langtidsværvarselet for å anslå slåttevindu for dine skifter! Trykk her for å lese meir om Eana Skifte, pg for å finne varmesum hos deg!