06.10.2026 | Jon Ole Botnevik, Utviklingsleder presisjonsjordbruk

Moderne teknologi gir nye moglegheiter

Når mengda fosfor som kan tilførast med tida blir strammare avgrensa, blir det viktigare enn nokon gong å vite kva som faktisk finst i jorda. Fosfor kan variere veldig på kvart skifte, spesielt der det har vore husdyrproduksjon  over lang tid. Eit godt jamt grunnlag gjer det enklare å oppnå framleis gode avlingar under dei nye krava. Akkurat no ligg forholda framleis til rette for å gjere målretta tiltak for å byggje opp fosforreservane i jorda ved hjelp av presisjonsteknologi. Erfaringane frå Kløfta visar at det ikkje treng å vera komplisert å få gjennomført heller.

Teknologi møter agronomi på Kløfta

Espen Lunden driv om lag 1 480 dekar med såkornproduksjon på Kløfta. 2026 er hans første sesong som hovuddrivar av garden som tidlegare har vore driven av svigerfaren. Med bakgrunn som sivilingeniør innan robotikk har han god kompetanse på teknologi, og han har sett eit stort potensiale i å kombinere moderne dataverktøy med god agronomi.

På Olstadkorset gard har dei teke posisjonsfesta jordprøver der kvar prøve representerte om lag seks dekar. Resultata viste store variasjonar i både pH, kalkbehov og fosforstatus. Med dei komande fosforkrava er tanken å få bygd opp eit høgare minimumsnivå av fosfor medan avgrensinga er relativt romslege. Då vart det landa på variabel tildeling av fosforrik gjødsel.

Når ein snakkar om variabel gjødsling, tenkjer mange først på gjødselspreiaren. For fosfor er ikkje det den beste løysinga. Fosfor har avgrensa rørsle i jorda, og næringsstoffet gir størst effekt når det blir plassert nedi jorda, nær røtene til planta. På garden til Lunden skjer derfor tildelinga gjennom såmaskina, som har tre separate kammer. Eit for frø, eit for grunngjødsel og eit ekstra for fosforgjødsel i dette tilfellet.

Espen nytta programvara CropMap frå Dataväxt for å omsette jordprøveresultata til tildelingsfiler. Tildelinga vart sett opp etter P-AL-nivået i jorda, med variasjon mellom 4 0g 7. Område med P-AL 7 eller høgare fekk ikkje ekstra fosfor, medan tildelinga auka gradvis på areal med lågare verdiar, ned til maksimal mengde på P-AL frå 4 og nedover. Til dette vart det nytta Opti-P 0-20-0, ei rein fosforgjødsel som vart dosert separat frå resten av næringstilførselen.

Litt oppstartstrøbbel må ein rekne med

Sjølv om teknologien sørga for at fosforgjødslinga vart gjennomført automatisk, var ikkje alt problemfritt frå første dag. Ei feil i data-innstillingane førte til at såmaskina stengde alle funksjonar når fosfortildelinga vart sett til null. Dermed stoppa både gjødsel og såkorn i område der systemet eigentleg berre skulle stenge fosfortilførselen. Ut over dette opplevde Lunden at systemet fungerte godt. Ei av erfaringane han tek med seg vidare, er at filhandteringa kan gjerast enklare. Denne sesongen vart det laga eigne tildelingsfiler for kvart skifte, men på sikt ser han for seg løysingar der større delar av garden kan handterast i éin samanhengande fil.

Variabel fosfortildeling førte også med seg litt ekstra logistikk. Med eit eige kammer for fosforgjødsla måtte ein halde oversikt over tre ulike innsatsfaktorar i såmaskina. Likevel opplevde han ikkje dette som noko stort problem i den daglege drifta. Det var aldri P-gjødsla som førte til at det måtte køyrast til fylling.

Han understrekar at planlegging er avgjerande. Kart, jordprøver, lisensar og filoverføring må vere på plass i god tid før våronna startar. Lunden planlegg å halde fram med variabel fosfortildeling før nye jordprøver blir tekne innan eit par år. Det blir spennande å sjå om fosfornivåa i jorda blir jamnare over tid.

Svenske erfaringar viser potensialet

I Sverige har variabel fosfortildeling vore i bruk over fleire år. Hans Alvemar i Soyl Sverige arbeider med rådgiving og produserer tildelingsfiler for fleire tusen hektar kvart år. Soyl tek jordprøvar, rådgjev og driv med support for sine kundar. Dei nyttar egen programvare med stor kapasitet for oppretting av tildelingsfilar.

Alvemar seier at tankegangen på Kløfta både enkel og fornuftig. Område med låge fosfortal og område med høge fosfortal gjer at det er naturleg å omfordela tildelinga. Over tid vil det gi eit jamnare grunnlag for planteproduksjonen.

Der Lunden baserer seg på jordprøver åleine, kombinerer Soyl ofte fleire datakjelder. Jordprøver, avlingskart og historiske registreringar blir nytta saman for å lage meir detaljerte tildelingskart. I  Sverige har dei også andre reglar for tilføring av fosfor. Frå husdyrgjødsel kan dei berre tilføre 2,2 kg P/daa, medan det ikkje er avgrensingar for P frå mineralgjødsel. Samstundes er den økonomiske situasjonen også annleis, der dei har ein vesentleg lågare kornpris enn i Noreg, og overforbruk av fosfor er ikkje økonomisk gunstig der heller.

Kan også gi økonomisk vinst

Variabel fosfortildeling handlar ikkje berre om agronomi og regelverk, men også om økonomi. Når fosfor blir tilført i meir korrekte mengder og der det trengst mest, kan ein redusere overdosering i område med høge jordverdiar samstundes som ein byggjer opp område med låge verdiar. På sikt kan dette gi betre utnytting av gjødselressursane og meir målretta bruk av dei produkta som inneheld fosfor. For mange vil gevinsten først og fremst vere at ein får meir kontroll over jordkapitalen, det dyrebare fosforet.

Slik kjem du i gong

For å ta i bruk variabel fosfortildeling trengst det først og fremst eit godt datagrunnlag. Posisjonsfesta jordprøver og nøyaktige kart er sjølve fundamentet, sidan desse viser kvar på skiftet fosfornivået er høgt eller lågt.

For å nytte variabel fosfortildeling treng du:

  • Posisjonsfesta jordprøver.
  • Programvare for å lage tildelingsfiler.
  • Utstyr som støttar variabel tildeling.
  • Ei løysing for overføring av filer til terminalen i traktoren eller maskina.
  • Tid til planlegging før sesongen startar.

Fosfortildeling for framtida

Erfaringane frå Kløfta og Sverige tyder på at teknologien kan vere eit viktig verktøy når fosfor må nyttast meir målretta enn før. Ved å kombinere jordprøver, moderne programvare og maskiner som kan variere tildelinga, blir det mogleg å byggje opp svake område utan å bruke unødvendige mengder fosfor der nivåa allereie er høge. For fosfor som ligg i jorda i dag, kan bli verdifullt å ha på konto i morgon.