Risiko for personskade
Produsenten har avdekt ein mogleg produksjonsfeil i enkelte batchar. Nokre patroner kan vere overladde. Dette kan føre til skade på slaktemaska og i verste fall alvorleg personskade.
Kva for produkt er omfatta?
Åtvaringa gjeld følgjande artikkelnummer:
- 1589300402
- 1589300404
- 1589300406
- 1589300408
Slik identifiserer du berørte patroner
Kontroller batchnummeret på emballasjen.
Type 1
Batchnummer med fire teikn som sluttar på:
N, O, P, Q, R, S eller T
Eksempel: 57GP
Type 2
Batchnummer som startar med:
• DAG24K
• DAG24L
• DAG25A
• DAG25B
• DAG25C
• DAG25D
Eksempel: DAG24K5950
Slik finn du batchnummeret
Kvar patroneske er merka med eit batchnummer. Batchnummeret finn du vanlegvis på baksida av emballasjen. På enkelte eldre pakningar står nummeret på innsida av lokket.
Dette må du gjere no
Dersom du har patroner som er omfatta av åtvaringa:
- Ikkje bruk patronene.
- Ikkje returner patronene enno.
- Ikkje opne uopna emballasje.
- Oppbevar patronene på ein sikker, lukka, tørr og varmebeskytta stad.
- Merk dei gjerne med «Ikkje bruk – tilbakekalla».
Vi har kontakta kundar direkte
Felleskjøpet sender informasjon direkte til kundar der vi har registrerte kontaktopplysningar.
Salet av desse produkta går fleire år tilbake i tid. Det kan derfor vere kundar som har kjøpt patronene utan at vi har moglegheit til å kontakte dei direkte. Vi ber derfor alle som kan ha slike patroner om å kontrollere artikkelnummer og batchnummer.
Dersom du har kjøpt slike patroner av Felleskjøpet, og ikkje er vorte kontakta direkte på SMS eller e-post, ber vi deg om å ta kontakt med Kundeservice, slik at vi kan følge deg opp vidare.
Vidare oppfølging
Vi arbeider saman med leverandøren for å avklare vidare handtering, retur og eventuell kompensasjon. Ny informasjon blir publisert på denne sida så snart den er tilgjengeleg.
Har du spørsmål, kan du kontakte Kundeservice, 72 50 50 50.
