Vi har no opna nettbutikken igjen, og gjennomførte i helga ei ny oppdatering av systema våre. Dette er tiltak som skal bidra til betre flyt og færre feil. I nettbutikken er det førebels kun mogeleg med levering til transportør sine utleveringsstadar og direktelevering heim.
Status no
Sjølv om vi ser enkelte positive steg, opplever vi framleis utfordringar i delar av vareflyten.
Særleg gjeld dette:
- Leveransar av verkstaddelar til maskin
- Enkelte varestraumar innan landbruk, som såfrø, plantevern og kraftfôr
- Varemottak og vidare distribusjon i delar av logistikkjeda
Samtidig er vi no inne i ein periode med uvanleg høgt trykk. Våren har kome tidleg fleire stader i landet – i nord er dette den tidlegaste våren på fleire tiår – og aktiviteten i landbruket er allereie høg.
I tillegg ser vi auka etterspurnad innan fleire område, mellom anna såkorn, gjødsel og såfrø. Dette heng mellom anna saman med større utvintring i haustkorn enn normalt i enkelte område.
Når fleire slike faktorar kjem samtidig, forsterkar det konsekvensane av dei utfordringane vi allereie jobbar med.
Kva betyr dette for deg?
For deg som kunde kan dette føre til:
- Lengre leveringstid på enkelte varer
- At varer kan vere mellombels utselde i butikk
- Behov for tettare dialog med di lokale avdeling
Vi forstår at dette er krevjande i ein travel periode, og beklagar ulempene dette medfører.
Kva gjer vi no?
- Vi arbeider kontinuerleg med å stabilisere løysinga og betre vareflyten, mellom anna gjennom:
- Løpande feilretting og systemforbetringar
- Prioritering av kritiske varestraumar i høgsesong
- Tett oppfølging av drift og logistikk
Vi forventar gradvise forbetringar framover, men det vil framleis kunne vere variasjonar i leveringstid i ein periode.
Takk for tolmodet og forståinga medan vi jobbar for å sikre ei betre og meir robust løysing for framtida.