Norsk kornproduksjon skal opp, noko som gir mange moglegheitar, men også nokre utfordringar. Korleis når me målet om auka sjølvforsyning? Det vil eit politikarpanel bli utfordra på. Og korleis møter bransjen dette målet? Mellom anna vil det bli sett søkelys på:
- Målet om 90 prosent norskdel i mjølet. Klarar den norske bonden å produsere riktig kvalitetet og har me nok bønder som vil satse?
- Målet om 70 prosent norskdel i fôret, kva marknadstilpasningar vil måtte til?
Meld deg på Kornkonferansen 2026 som er torsdag 22. januar på Nationalteateret Konferansesenter i Oslo. Påmelding og fullstendig program finn du her.
Arrangører: Norges Bondelag og Felleskjøpet Agri.