Det er bratt og seks hårnålssvingar opp Liagardsvegen til Kolbjørnsgard, midt i Liagardane, der gards- og bruksnummer 27/1 er skilta på det gamle stabburet. Frå tunet på 600 moh. er det utsikt mot dalen, Hallingselve og Oppsjø i sørvest. Men ikkje ein grå novemberdag, når me møter Vidar Kolbjørngard, som bur på garden med kona Hilde Mari og dei tre ungane deira.

UTSIKT: Det er meir utsikt til godt juletresal enn til Hallingdalen frå tunet til Vidar Kolbjørnsgard ein grå dag i november.
Vidar parkerer pickupen med tettpakka julegraner som han skal selja i Bærum. DeLaval-bilen til Nils Halbjørhus frå Hemsedal viser at mjølkeroboten får den halvårlege servicen sin. Og ein ny John Deere 6R185 står parkert med hengaren full av rundballar utanfor lausdriftsfjøset. Der held dei 50 mjølkekyrne til Vidar til, saman med ungdyr og gourmetkalvar. Unntaket er seks veker om sommaren, då kyrne er på Ellingstølen, der dei blir mjølka i eige båsfjøs på 1 000 moh., medan ungdyra går på stølen Aunset på 900 moh.
Trivst som tillitsvald
Vidar er medlem i Ål Kjøpelag SA, som er Felleskjøpet sin lokale samarbeidspartnar med eige utsal i Ål. Han har vore tillitsvald i Felleskjøpet Agri for Hol og Ål sidan han vart vald på kretsmøtet i Ål i 2012.
No er eigarmøta flytta til Gol etter at talet på bønder i Hallingdal har gått noko ned. Ål og Hol hadde høvesvis 166 og 91 aktive bruk i 2012, mot 135 og 76 i 2025. Nedgangen er dermed litt mindre enn landsgjennomsnittet, rundt 18 prosent i perioden.
Traktorvinnar i Hallingdal
– Eg er mest oppteken av lokale forhold, og det fungerer veldig godt med avdelinga på Gol. Der gjer heile avdelinga ein god jobb, både butikken, verkstaden og seljarane innan maskin og innandørsmekanisering, seier Vidar.
Han er med på det han kan av aktivitetar, som vår- og haustdagar. På møta i avdelingsutvalet to gonger i året, der alle er med, får han god innsikt i drifta.
Han skryt av den nye seljaren på innandørsmekanisering, og særleg av seljarane og verkstaden når det gjeld maskin.
– Det er ikkje utan grunn at John Deere har 69 prosent av traktorsalet i Hallingdal!

STERK OG SMIDIG: – Dette er siste nyanskaffinga, ein John Deere 6R185 som kom i mai, og som eg er godt fornøgd med. Han går med ei John Deere C441R kombirundballepresse, til møkkakøyring og anna tungt arbeid. Det er ein sterk og samtidig smidig traktor, seier Vidar Kolbjørngard.