29.09.2026 | Tekst og foto: Atle Roset

Landskapsbilete frå Vestlandet med frukt og fjord

Nede ved Hardangerfjorden, mellom Tørvikbygd og Norheimsund i Kvam, ligg fruktgarden til familien Fonneland. Garden vender mot aust, og på 32 av dei 78 dekara står det rundt 8 000 epletre. Litt plomme har dei òg.

Jon Eirik Fonneland (63) er ellevte generasjon på garden. Dottera Anna Viktoria Fonneland (21) representerer den tolvte.
John Deere 5120M
No har far og dotter investert i ein ny John Deere 5120M. Traktoren står hos Felleskjøpet i Åsane og ventar på å kome heim til Hardanger.

– Her treng vi ikkje den største traktoren. Vi treng ein som er smidig mellom frukttrea, men som samtidig har kreftene vi treng til dei andre oppgåvene på garden. 5120M verkar å vere akkurat passe, seier Jon Eirik.

John Deere sidan 1980-talet

Grøne traktorar har vore ein del av gardsbiletet på Fonneland i rundt 40 år. Jon Eirik meiner den første var ein John Deere 1850, kjøpt rundt 1986.

Den nye 5120M blir etter det han kan hugse den sjette John Deere-traktoren han har kjøpt frå Felleskjøpet.

– Vi har halde fram med John Deere fordi vi har vore godt nøgde. Dei har vore smidige og driftssikre, og det tel mykje når traktoren skal fungere kvar dag. Opp gjennom åra er vel den største reparasjonen vi har hatt, utanom vanleg service, ei vasspumpe på ein 5720. Det er vanskeleg å klage på, seier Jon Eirik.
I dag står ein John Deere 5100R og ein 5055E på tunet. 5100R-en skal no bytast ut med den nye 5120M.
Kvinne i frukthage
– Vi har sterk konkurranse mellom traktormerka her på Vestlandet, så Felleskjøpet får ta det som eit godt teikn at pappa kjem tilbake for sjette gong, seier Anna Viktoria med eit smil.

55 tonn frukt frå 32 dekar

Garden er på 78 dekar. Om lag 32 dekar er frukthage, medan rundt 30 dekar er beite. Familien har også ti vinterfôra sauer.

Frukta er likevel hovudproduksjonen. Dei rundt 8 000 epletrea, saman med noko plomme, gir årleg om lag 55 tonn frukt, som familien leverer til Gartnerhallen.

Fonneland gard
Når innhaustinga startar i august, går garden inn i årets mest intensive periode. Frå august til midten av oktober er seks personar i sving med plukking og anna arbeid.

– Det er ein kort og hektisk sesong. Når frukta er klar, er ho klar. Då må både folk og utstyr fungere, seier Anna Viktoria.

John Deere frukttraktor
Med mange tre på eit avgrensa areal blir eigenskapane til traktoren annleis enn på ein stor korn- eller grasgard.

– I frukthagen er det ein stor fordel at traktoren ikkje er større og tyngre enn nødvendig. Du skal inn og ut mellom trea og snu på avgrensa plass. Samtidig må traktoren vere stor nok til å gjere resten av arbeidet på garden. Den kombinasjonen er viktig for oss, seier Jon Eirik.

Lettare traktorar for Vestlandet

Behovet familien Fonneland beskriv, er kjent for Felleskjøpet. Vestlandsbønder har over tid etterspurt lettare og kompakte John Deere-traktorar, som samtidig har kapasitet til eit breitt spekter av oppgåver.

5E- og 5M-seriane er viktige svar på dette behovet. John Deere 5120M har 125 hk, men er utvikla som ein kompakt og lett traktor med god manøvrering. For gardar med bratte teigar, tronge tun, fruktproduksjon og relativt små areal kan slike eigenskapar vere minst like viktige som storleik og maksimal trekkraft.John Deere har også fått eit kraftig oppsving på Vestlandet. I første del av 2026 auka marknadsandelen i regionen frå 11,7 prosent året før til 26,8 prosent.

Landskap frå Vestlandet med fjell, fjord og frukt og eit grønt traktorpanser

Foto: Anna Viktoria Fonneland

Små areal – stor produksjon

På Fonneland viser dei 32 dekara med frukt kor intensiv matproduksjon kan vere. Rundt 55 tonn frukt forlèt garden i eit normalår.

Anna Viktoria er den tolvte generasjonen i familien. Korleis garden vil utvikle seg vidare, vil tida vise, men investeringa i ny traktor er uansett eit uttrykk for at det blir satsa.

– Det er noko spesielt med å arbeide på ein gard som familien har drive i så mange generasjonar. Samtidig kan vi ikkje berre sjå bakover. Skal garden leve vidare, må vi heile tida finne gode løysingar for den produksjonen vi har i dag, seier ho, som har arbeidd i Fjord1, Thon Hotel Sandven og Furedalen Alpin ved sida av skule- og gardsarbeid.

Jon Eirik har også vore engasjert utanfor eigen gard. Han er styremedlem i Kvam Fruktdyrkarlag og har tidlegare vore tillitsvald og årsmøteutsending for Felleskjøpet frå Kvam, frå den tida familien også dreiv med mjølkeproduksjon.

For han handlar den nye traktoren først og fremst om å ha ein arbeidskamerat som passar garden.
– På ein gard som vår er ikkje målet å ha størst mogleg traktor. Målet er å ha den rette. Vi trur 5120M blir akkurat passe stor, seier Jon Eirik.

John Deere i eplehage