13.07.2026 | Felleskjøpet

Mykje av resultatet blir lagt i første del av sesongen. God fôring av søyene, høg mjølkeproduksjon, godt vårbeite og eventuell støttefôring gir lamma den beste starten. Ein god start er heilt avgjerande, og som dei fleste seier « du får heim det du sender opp til fjells på våren». Sommarbeite spelar ei stor rolle. Korleis været om våren og sommaren har vore påverkar veksten av graset. I tillegg varierer beitene veldig – I Noregs land skil det meir enn tusen høgdemeter mellom dei lågaste og høgaste utmarksbeite. Beita vil variera etter terreng, botanikk, vær, beitepress, rasar og kvalitet på beitene.

Reknestykke laga av rådgjevingstenester fastslår at det er god økonomi i sluttfôre lam slik at dei kan leverast når prisen er god. Dette blir og understøtta av prisprognosen vist i figur.

Prisprognose Figur 1.jpg

Figur 1 Prisprognose for lam klasse R 18–24 kg. Kilde: Nortura SA, Lammesesongen 2026 – Medlemsportal for Nortura SA.

Sjå rekneeksempel i denne artikkelen: Riktig fôring gir lønnsom vekst og økt slakteverdi

No som lamma er heime bør dei vegast og grupperast så fort som mogleg. Slaktemodne lam må sendast, og det bør vera ein plan på korleis resten av lamma skal verte slaktemodne. Dei ikkje slaktemodne lamma bør bli tilvent den nye tilværa gradvis. Hugs at dei kjem frå eit utmarksbeite på hell, og skal over på ei sterk sluttfôring. Då må me ta omsyn til vomma. Vomma treng om lag 7-10 dagar å tilpasse seg ein ny rasjon. Det er lurt å tenkje på fibertilgang, at den er så stabil som mogleg for å oppretthalde ei god fordøying. Eit tips kan vera å setje igjen litt gras på dyrka mark under slått/beitepuss slik lamma kan få i seg meir fiberrikt gras ved behov, noko dei ofte er gode til å regulera sjølv.

Kvaliteten på beitet fell raskt utover hausten

Det er viktig å sørgje for god gjødsling av beite, slik at det er nok protein og energi til tilvekst. I tillegg bør hausting/pussing av beite skje 2-6 veker før beitestart, avhengig av type eng og vekst. Dei lamma som vert fôra opp på haustbeite må ein fylje godt med på. Kvaliteten på beite fell fort om hausten, og då må ein få inn lamma når dette skjer, eventuelt støttefôre dei ute på beite. Å fylje med på utviklinga på beite er kanskje den flaskehalsen som er vanskelegast om hausten. Det er stor variasjon på sluttfôringsbeita, til og med på gardsnivå. Er ein usikker kan ein sende inn grasprøve, men stort sett er det lurt å støttefôre tidlegare enn ein skulle tru. Støttefôring med rundball og/eller kraftfôr på grasbeite sikrar jamn tilvekst sjølv om beite har varierande kvalitet.

Lam på sluttfôring må få ein god overgang

Bråe overgangar er ikkje berre negativt for vomma, men er i tillegg negativt i forhold til pulpanyre, som også kan forårsakast av for høgt fôropptak. Vi anbefaler å sluttfôre lam på Formel Lam Vekst. Dette er ein kraftfôrsort som er laga for intensiv oppfôring av lam og har mineralinnhald som motverkar urinstein. Kraftfôret har god smaklegheit og dette sikrar raskt opptak. Ein må jamvel syte for god tilvenning gradvis. Vatn er ein viktig faktor, ikkje berre fordi tørrstoffopptaket aukar, men jamvel for å førebyggje urinstein. I tillegg skal de ha fri tilgang til god silo/grovfôr for å sikre ein jamn fôring og nok fiber i rasjonen. Silo/grovfôr bør ha noko struktur i seg for å hindre blaute magar. Ein kan gje Formel Lam vekst i fri tilgang eller ein kan dele det opp. Dersom ein ikkje gjer fri tilgang er det viktig med nok eteplassar, i tillegg til at kraftfôret bør fordelast på minst to tildelingar pr. dag.

1130x470-sau-formel.jpg

God helse er viktig

Om hausten er det lurt å ha ein plan på snyltarar. Dette bør sjåast i samanheng med beitehistorikk, prøvar og rådgjeving. Dyr som er angripne av parasittar, vil ikkje ha forventa tilvekst og parasittkontroll er viktig for dyrevelferda.

Ein bør sjekke dyr for haltheit, hoste og augesjukdomar.

Haldvurdering på søyene er viktig. Tynne og feite dyr bør grupperast før paringssesongen. Gimrar bør ein særleg passe på, første året med lam kan ha hatt stor innverknad på ho.

Påsettlam bør ha ein tilvekst på om lag 150-200 gram per dag. Dei må ikkje gå ute for lenge om hausten, men få ein god overgang til innefôring slik at dei er i rett hald og vekt før paring.

Følg med på tilveksten

Utover hausten er viktig å fylje godt med på tilveksten. Veg lamma om lag 1 gong i veka og plukkslakt undervegs. Det er fleire viktige vektgrenser som ein må fylje med på, å vege lamma er det beste verktøyet ein kan ha for å oppnå desse grensene og få så god pris som mogleg. Ein bør utnytte prisløypa og få dei raskt ut. Slakteprosenten vil variera. Tunge rasar har høgare prosent enn lette rasar. Sjekk prisløypa og føresetnader for ditt slakteri for å oppnå høgast mogleg pris. I tillegg er skilnad i driftsopplegg der ein har hatt høg tilvekst frå start, vil det gje betre grunnlag for høgare slakteprosent.

Målet er ikkje berre høg slaktevekt, men også rett slakteklasse og feittgruppe. God planlegging frå lamma kjem heim til dei vert leverte, er avgjerande for økonomien. Jamn tilvekst, gode fôringsrutinar, regelmessig veging og levering til rett tid gjer dei beste føresetnadene for eit godt økonomisk resultat.