24.11.2026 | Tekst og foto: Karstein Brøndbo

– No har eg lyst til å fortelje om det nye kraftfôret som vart testa ut hjå meg i vinter. Det har vore eit eventyr hjå meg. Det er eit kraftfôr som geitene likte veldig godt. Det har vore betydeleg mindre problem med diare enn det dei har hatt før. Innhaldet i mjølka, tørrstoffet, som me får ekstra betalt for, det har auka. Sidan 2016 har eg auka tørrstoffet i mjølka med eit prosentpoeng. Det har både med at eg har vore bevisst på avl heile vegen, og på fôring, fortel Kirsti Skrattegard.

– Og dette nye kraftfôret auka tørrstoffinnhaldet i mjølka med 0,4 prosent på eitt år. Eg har også hatt fokus på dei seinare åra å forbetre grovfôrkvaliteten, og eg trur at kombinasjonen av eit godt grovfôr, dette nye kraftfôret og avlsarbeidet gjer at eg klarer å ta ut eit større potensial frå geitene. Eg vil kalle det eit eventyr med det nye kraftfôret, som har fungert så bra. Eg har eit tillegg på hundre tusen i året sidan 2016, fortel Kirsti Skrattegard, held ho fram.

geit i to etasjer
BESTE HALVDEL: Geitene øvst på avdråttslista blir med vidare i avlen.

God betaling for protein, feitt og laktose i geitemjølka

Dei 170 årsgeitene til Kirsti Skrattegard mjølker om lag 800 liter i året frå dei kjear første veka i januar til kvota på 126 tonn er full i midten av oktober. Tørrstoffinnhaldet i mjølka på Skrattegarden var på 13,9 prosent i 2026. For kvar liter betalar TINE 10 øre ekstra for kvart tidels prosentpoeng over 11 prosent, så Kirsti fekk dermed over 300 000 i ekstra betaling for innhaldet i mjølka i fjor. I Geitekontrollen for 2025, som har tal frå 135 av 221 norske geitehald, var gjennomsnitt 12,7 prosent, så tørrstoffbetalinga er ein viktig del av inntektene på dei fleste geitebruk.

– Normalt er tørrstoffinnhaldet høgast rett etter kjeing, og så går det gradvis nedover utover i laktasjonen. Eg begynte med det nye fôret i mars, og da flata kurva ut, så eg hadde eit veldig, veldig bra tørrstoffinnhald i 2026, seier Kirsti nøgd.

Testfôret som alle ville ha

Eit fôr med meir energi frå raps og utan palmefeitt har vore testa hos mange norske mjølkebruk gjennom forskingsprosjektet Metanhub, der målet mellom anna var å redusere metanutslepp. Prosjektet er enda ikkje avslutta, men Kirsti synest det er moro at geitebøndene viser veg også på dette området.

God energidekning, god smak og godt fôropptak i testfôret ga i tillegg grunnlag for gode produksjonsresultat. Kirsti og dei fire andre testarane ville difor gjerne fortsette med dette fôret, og Felleskjøpet lanserte Formel Geit Energi under Geitedagene 16.–18. oktober. Der heldt også Kirsti foredrag om korleis ho har auka innhaldet med eitt prosentpoeng frå 2016 til i år.

TKS rundballereservoar og grovôrmikser
LETTVINN FÔRING: Grovfôrhandteringa gjer seg nesten sjølv hos Kirsti Skrattegard, som har mekanisert for å halde ut i mange år.

Fôranalyser, planlegging og utfôring

– Eg har vore med i grovfôrprogrammet til TINE i tre år, og det å produsere eit godt grovfôr er like viktig som kraftfôret. Du må ha eit godt grovfôr for å få eit godt grovfôropptak, og da er slåttetidspunktet er uhyre viktig, seier Kirsti. Ålingen har mekanisert handteringa av grovfôret frå rundball til grovfôrmiks på rullande fôrbrett for å kunne halde fram med geit i mange år framover.

Analyser av grovfôret ligg til grunn for fôrplanen frå geiteekspert Anita Martinsen i TINE. Der blir grovfôr frå første og andre slått supplert med 0,6 kg kraftfôr fram til kjeing og ut januar. I mjølkeperioden fram til beiteslepp i midten av mai får geitene berre førsteslått, der fôrprøvane viser 17-18,5% råprotein g/kg TS. Da går kraftfôrrasjonane opp til 0,8 kg pr dag for førstelaktasjonsgeiter, som også skal gå opp eit kg i vekt, medan eldre geiter får frå 0,5-1 kg kraftfôr, slik at dei som mjølkar frå 3 kg pr dag får ein kilo.

Mjølkestall for geit
TOM MJØLKESTALL: I november og desember er det pause i mjølkinga hos Kirsti. Mjølkestallen har 12 pluss 12 plassar med kraftfôrtildeling og automatiske avtakarar.

Aktiv alsbuskap med franske gener

Geit som blir klødd av roterende børste– Norsk mjølkegeit er bra, men det er fare for innavl. Om du skal drive med geit, bør du vere med i Geitekontrollen og vere bevist på kontrollert paring, seier Kirsti.

Ho har ei av 39 norske avlsbuskapar, ho har levert 15 bukkar til semin og sit òg i fagrådet for avl i Norsk sau- og geitalslag. Med alsbuskap kan ikkje Kirsti kjøpe inn livdyr. Ho set på av den beste halvparten og inseminerer 15-20 prosent av geitene.

Fransk alpin geit vert kryssa inn for å motverke innavl, for å auke mjølkemengda og tørrstoffinnhaldet i mjølka og for å redusere innhaldet av frie feittsyrer i mjølka.

 

TRIVELEGE DYR: Det er stilt og rolig i fjøset til Kirsti. Dyre er folkekjære, og det ser ut til at dei har det veldig bra.